ÅRAM PLUSS Familiearrangement: Den trufaste venen. Med Wilhelm Støylen og Kyrre Eikås Ottersen

Åram skule
26. May 2018
Doors open at 12:00
Doors closes at 12:30
Event starts at 12:30
http://www.arampluss.no

På Åram skule

Eit gjestespel frå Sogn og Fjordane Teater

Skodespelarane Wilhelm Støylen og Kyrre Eikås Ottersen formidlar Oscar Wilde si klassiske eventyrforteljing «Den trufaste venen».

Ein bokfink fortel til ei vassrotte likninga om den trufaste venskapen mellom Vesle-Hans og Møllaren. Møllaren har all makt i venskapsforholdet med Vesle-Hans. Kvifor lar Vesle-Hans seg undertrykkje, og kvifor blir Møllaren forguda av alle rundt han? Og kva er ein god venskap? Dette er spørsmål vi møter i denne forteljinga – spørsmål som er viktige, om ein er liten eller stor, ung eller gamal.

Arrangementet høver for alle frå 3 år.

Velkomen på festival!

Wilhelm Støylen har som skodespelar jobba for mange teater og teatergrupper i inn- og utland. Wilhelm er også kjend som programleiar i NRK, kanskje hugsar du han frå Barne-TV? Nyleg var han å sjå i filmen «Karsten og Petra lager teater».

Kyrre Eikås Ottersen har hatt fast stilling ved Sogn og Fjordane Teater sidan 1996. Kyrre har hatt engasjement ved Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Teater Innlandet, og er ein allsidig skodespelar.

ÅRAM PLUSS 24.-26. mai 2018
www.arampluss.no

Følg oss gjerne på facebook

Festivalpass kr 850

Kulturrabatt for ungdom 15-20 år: festivalpass kr 630

Dagspass laurdag kr 500

Browse more events from this organizer
Ticket name Choose amount
Wilhelm Støylen: Familiearrangement, Åram skule 26.5. kl. 12.30 100 NOK
-
0
+
Wilhelm Støylen: Familiearrangement, Åram skule 26.5. kl. 12.30. Kulturrabatt for ungdom 15-20 år 75 NOK
-
0
+