«Her er mitt liv» (15.03.2018)

Hjelmeland Samfunnshus
15. March 2018
Doors open at 19:00
Doors closes at 22:00
Event starts at 19:30
http://hjelmeland-teater.no/her-er-mitt-liv

For første gong kan Hjelmeland Teater presentera ein splitter ny og sjølvskriven musikal. «Her er mitt liv» er basert på songar som er gjort kjende av Kim Larsen, og Magnar Riveland har omsett desse til norsk og skrive rammeforteljinga som bind songane saman til ei rørande historie.

I «Her er mitt liv» får publikum følgja Jørgen gjennom barndom, ungdom og vaksenliv. Jørgen og bestevennen Svein deler barndoms- og ungdomstida saman, og berre dei to veit alt om kvarandre – dei er blodsbrødre. Men det viser seg at dei er interesserte i den same kvinna.

Musikalen er på ingen måte knytta til Kim Larsen og hans liv. Den handlar om orda og tonane i songane hans – historiene dei fortel, kjenslene dei beskriver, gleda og trøysta dei gjev. Songutvalet er variert: Songskattar som «This Is My Life», «Papirsklip» og «Joanna» er sjølvsagde innslag, saman med mindre kjende songar som mellom anna «Jyllingevej», «Byens hotel» og «Fru Sauterne».

Tilrådd aldersgrense: 6 år.

This event has concluded already.