Konsert med Tonus og Vokal Vivo

Vålerenga kirke
13. March 2018
Doors open at 19:00
Doors closes at 19:30
Event starts at 19:30
http://www.vokalvivocom

Tysdag 13. mars inviterer Tonus og Vokal Vivo til heilnorsk aften med tekstar av norske tekstforfattarar og lyrikarar. De får høyre tekstar av mellom andre Wildenvey, Vinje Moren Vesaas, Prøysen, Bremnes, Hyllbakk, Hoem, Paus og Garborg arrangert og/eller komponert for damekor av fleire komponistar, mellom andre Knoph, Hom Fossnes, Sommero, Rasmussen, Ødegaard og Tveit.

Dørene opnar kl. 19.00, og konserten byrjar 19.30.

Billettar kostar 200 for vaksen, og 100 for student. Vi tar både Vipps og kontantar i døra.
Velkomne til konsert!


________________________________________________________


Tonus er eit uavhengig kor som består av rundt 30 songglade unge kvinner i alderen 20-35 år. Historia til Tonus går tilbake til 2007 då koret blei stifta i samband med hundreårsjubileet til ILS (institutt for lærarutdanning og skoleutvikling) ved Universitetet i Oslo. Tonus syng variert repertoar og er ikkje knytt til ein bestemt musikalsk sjanger. Dei syng alt frå folketoner og brudemarsjer, til jazz, pop og klassisk musikk.


Vokal Vivo er eit ensemble med kvinnelege songarar frå 20 år og oppover. Koret blei offisielt stifta hausten 2016 etter eitt som eit pilotprosjekt starta av dirigenten vår, Marianne Husby Berg. Sidan då har koret utvikla seg mykje, og held no høgt musikalsk nivå. Vokal Vivo sitt ønske og mål er å formidle god musikk, spreie musikkglede og gi gode musikalske opplevingar til publikum. Koret er opptatt av godt samspel mellom songarane, både og sosialt i songen, og dei jobbar alltid for å nå nye musikalske høgder.

This event has concluded already.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve