ÅRAM PLUSS Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet

Åram kyrkje
24. May 2018
Doors open at 18:00
Doors closes at 19:00
Event starts at 19:00
http://www.arampluss.no

Konsert

To som slår seg laus slår seg saman

Gabriel og Jorun Marie renn over av speleglede – både når musikken toppar seg i høgspente kraftutladningar og når han flyt stille og poetisk. Dei følgjer kvarandre tett, både med underfundige smil og breie glis! Når tida er mogen, bryt dei ut i song.

Du får høyre festlege folketonar som smyg seg inn, men aller mest ny musikk laga av musikarane sjølve. Jorun Marie Kvernbergs musikk er prega av hennar oppvekst sentralt i spelmannsmiljøet i Romsdal. Her er luftige viser med plass til vemod og uventa svingar. Her er feleslåttar med mykje harpiks og mange glade knips. Musikken til Gabriel Fliflet er melodiøs, men med et eige tonalt særpreg; du kan spore tonar og rytmar frå både Hellas og Hardanger, finske skogar og nordsjøkystar.

Konserten er i samarbeid med Møremusikarordninga

ÅRAM PLUSS 24.-26. mai 2018
www.arampluss.no

Følg oss gjerne på facebook

Festivalpass kr 850

Kulturrabatt for ungdom 15-20 år: festivalpass kr 630

Velkomen på festival!

This event has concluded already.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve