Stig Ulv, imtimkonsert i Meirenntusenord-løda.

Leinøya ved Fosnavåg
22. February 2018
Doors open at 18:45
Doors closes at 20:30
Event starts at 19:00
http://www.meirenntusenord.com

Akustikaren

Han har funne sin veg, Stig Ulv. Med gitaren, og berre den. 40 låtar har det vorte. Dei ti siste kom 21. april når han kom med sitt fjerde studioalbum, Akustikar. Ein kar som spelar akustisk. Ikkje meir. Ikkje mindre. Det er nok. Ein einsam ulv med ei stor følgjeskare. Folk som finn sjelefred når dei har Stig Ulv på øyret. Han tilbyr eit friminutt, og kven treng vel ikkje det?

- Eg trur eg vil overraske med det nye albumet. Eg stolar meir på meg sjølv. Eg torer meir. Eg let tonane kvile meir. Eg har lagt prestasjonsangsten på hylla, men det er framleis meg, seier han.

Det speglar seg att i det nye albumet. Der er meir å lytte til. Og banjo?

- Det hadde eg aldri tort før. No gjorde eg det fordi eg ville.

Nye nyansar, fleire akkordar, innslag av jazz og pop, men berre litt. Nok til at lyttarane må høyre låtane igjen og igjen for å ta inn tonane og musikken. Nyte og lytte i roleg tempo.

Eit album har truleg aldri vore meir nynorsk. Nynorsk instrumental. Komponert heime i Hovdebygda, i eit klesskap, for å ikkje uroe sonen som skal sove, spelt inn i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, og med sleppkonsert i same gata.

Einsame ulvar streifar langt. Stig Ulv likar seg på heimebane. Det er der inspirasjonen ligg. Mellom bratte fjellsider og djupe fjordar, eller i auga til sonen. I den vesle handa. Det er her musikken kjem frå. Men blikket lengtar ofte ut. Ut i verda. Der han kan dele kjensla av å høyre heime. Einsam på ei scene. Det er inspirasjon i å lengte heim også. Ulven er svolten på meir. Publikum også. Med Akustikar får dei nok ein gong fylt opp med sjelero. Nynorsk har aldri vore vakrare.

This event has concluded already.

Privacy and User Data

When you visit tikkio.com, you agree that we use cookies. These are small data files sent from our website and stored on your computer. These are absolutely necessary for the solution to work in terms of navigation, login and ordering [Read more]

Approve